Kvar passar Musikkterapi

Her er litt om ulike grupper som kan ha nytte av musikkterapi. 

Eldreomsorg

Eldre er ei omfattande gruppe der alle har ulike behov. Dette kjem av kva utfordringar dei har, til dømes angst, depresjon, kroniske smerter, nevrologiske sjukdommar. For nokon kan det vera nok å bli aleine heime etter at partnar ikkje lenger bur der. Musikkterapi kan vera eit supplerande tilbod i tillegg til medisinsk behandling, og ein sosial stad for dei som treng dette. Fokuset vil vera å skape trivsel for alle, om det er sosialisering, smertelindring eller legge til rette for meistring og meining i kvardagen.

Demensomsorg

Demenssjukdommar er komne for å bli og blir sett på som neste store folkesjukdommen. Diverre er det ikkje noko behandling som stoppar utviklinga heilt, og det er derfor viktig å finne aktivitetar og tilbod som kan gje dei som er ramma ljosglimt i kvardagen. I musikkterapien er det her fokus på kvar enkelt person, kven dei var og er, kva musikk dei har likt og kva aktivitetar dei får til i dag. I forsking kjem det fram at musikk kan vera med å dempe uro og utagering, stabilisere humør og sinnsstemning, skape rutine og ein trygg sosial arena. 

Skulebarn og ungdom

Dette er ei ganske vid gruppe og kan innebera mykje. Musikkterapi for skulebarn kan vera alt frå avkopling og stimulering til ein lærearena for barn med til dømes språkvanskar og/eller talefeil. Musikkterapi kan brukast til språkopplæring for immigrantar og flykningar og ein trygg arena for desse borna og ungdommane som har kome til eit framant land. 

Musikkterapi kan også vera eit tilbod for barn og ungdommar som har kome innanfor barnevernet. Her kan dei få ein arena med trygge og faste rammer utan å få for mykje krav til å gjera noko korrekt. Dette blir ein arena der dei får ein moglegheit til å finne att seg sjølv, og ein stad dei kan få snakke med andre som har vore igjennom noko liknande. 

Spesialpedagogikk

I Gudbrandsdalen har vi ikkje moglegheit for eigne skular for barn og unge med fysiske og psykiske funksjonshemningar, men det er like viktig å følgje dei opp og sjå kvar enkelt og deira behov. I musikkterapien vil det vera fokus på meistring, oppmerksemd, konsentrasjon, initiativtaking og læring. Musikkterapien blir ein arena der borna får moglegheit til å uttrykke seg ved hjelp av lyder og instrument, og lære korleis ein skal vente på tur og sjå at andre menneske rundt også treng oppmerksemd. 

Psykisk helsevern og Rusomsorg

Ofte går desse to saman, sjølv om det er mange som ikkje kjenner seg att i begge grupper. I musikkterapien er det likevel mykje felles, då det er begge stadar fokus på Recovery og det å kome seg ut att i samfunnet. Musikkterapien har hovudfokus på kven du er og din musikkidentitet. Har du mykje på hjartet om du det har opplevd, men klarer ikkje å uttrykke det kan musikken vera med å få noko av dette ut. Her kan du spele ut kjenslene på instrument, eller skrive tekstar som vi saman kan sette melodi på. I grupper er det mogleg å skape eit nettverk der du får møte andre i liknande situasjon og bli utfordra til å delta i sosiale samankomstar. Det er også mogleg å få til ein arena der du kan vise fram det du har laga sjølv.

Forsking viser at musikkterapi har dokumentert effekt ved depresjon , angst og psykoselidingar og Helsedirektorartet anbefalar musikkterapi innanfor psykisk helsevern og ved behandling av avhengigheit. 

Palliasjon

Tida når du veit at det nærmar seg slutten kan vera tung. I musikkterapi kan du og dine få ein stad å kople frå eller uttrykke kjensler som er vanskelege å vise. Dette kan gjerast ved å lytte til musikk personen liker, om det er originalversjon eller ein nedtrappa akustisk versjon. Det er moglegheit for å vera med å skrive song, om det er heilt ny song eller ny tekst på kjend melodi. Her er musikkterapien like mykje for den som har si siste tid og for pårørande. Det er like viktig å ta vare på dei som står rundt og dei som snart tek farvel.