Gudbrandsdal Demenskor

Demenskor for personar i Gudbrandsdalen

Bli med å synge?

Vi har ledige plassar i Gudbrandsdal Demenskor!

Øvingane skjer tysdagar, Solvang, Otta.

Her er det lov å kome kl. 16:00 for ein kopp kaffi, vera sosial eller roe ned etter reisa.

Sjølve korøvinga startar kl. 16:30 og varar til kl. 17:30.

Det blir kveldsmat etter kvar korøving, kl. 17:30-18:30.

Kven kan delta?

Bur du i Gudbrandsdalen og har ei demensdiagnose?

eller

Bur din nære i Gudbrandsdalen og har ei demensdiagnose?

Meld dykk på!

Det er ingen krav til musikalsk bakgrunn, alle er velkomne. 

Vi tek i mot koristar frå heile Gudbrandsdalen i håp om eit flott kor med stort mangfald.

Mål for demenskoret:

Vi har ulike mål for koret, både konsertar og korleis det skal opplevast å delta i koret.

Konsertar:

Etter ein flott konsert 16.september 2023 vil vi halde fram med øvingar. 

TIl sommaren vil vi ha ein flott sommerkonsert i juni.

Det vil også bli ein ny stor konsert i september 2024 i samband med Demensaksjonen.

Mål for kordeltaking:

Å gje personar med demenssjukdom og pårørande eit aktivitetstilbod der koristane kan oppleve sosial deltaking, inkludering og tilhørsle. Ein stad der dei kan utrykke kjensler på ein trygg måte og få meistringskjensle. 

Mens kordeltakarane har korøving vil det vera tilbod for pårørande i same bygg. Det er ikkje bestemt kva det blir, men vi er opne for forlsag og har så langt tenkt på yoga, samtaleterapi, turgrupper og meir. Dette for å gje pårørande påfyll fagmessig, møte andre i liknande situasjonar og ein pust i bakken. Så langt har pårørande valt å anten høre på øvingane eller vera med sjølv i koret.

Langtekkeleg mål:

Vårt mål er å få til eit fast tilbod for personar med demens (og eldre generelt) der dei kan treffast og ha eit sosialt møtepunkt i kvardagen. Så langt er det fleire av koristane som gler seg til desse dagane, både for det sosiale, og for å synge saman. 

 Vi ser også for oss at "Syng med oss!"-grupper kan dukke opp i fleire av kommunene i vår langstrakte dal. Alt etter kva som passar best i området og kva ressursar vi har å ta av. 

Påmeldingsskjema

Sjølv om vi har begynt så er det lov å bli med

Er du interessert i å bli med som frivillig?


Så flott! Det er alltid behov for frivillig hjelp. Her kan du bidra med det du kan og likar best. Vi trenger frivillige til:

  • Koke kaffi, lage mat og førebu kveldsmat
  • Vera sosial før, (under) og etter korøving
  • Ved behov: Køyre til og frå øving
  • Møte kordeltakarane når dei kjem
  • Vera støtte under korøvingane, hjelp til å lære inn stemmar m.m.

Vi treng også frivillige til opplegget for pårørande som vil skje parallelt med korøvingane.


Ta kontakt om du er interessert!

Sentrale personar  rundt koret:

Pernille Stangenes
Musikkterapeut 
pernillestangenes@hotmail.com 
Anita Lindsø Bryhn
Demenssjukepleiar
Sel kommune
anita.bryhn@sel.kommune.no
Vidar Hoel
Pianist 
vidarhoel@online.no 


Har du spørsmål?


Kontakt ein av oss eller demensteamet i din kommune!


Om musikkterapi og/eller musikalske spørsmål:
Musikkterapeut Kari Irene Olstad 
demenskor@seldemens.no     /     gudbrandsdal.musikkterapi.olstad@hotmail.com

Om påmelding og/eller administrative spørsmål:
Sel demensforening v/Anita Koot
post@seldemens.no