Kontakt
Høyres dette interessant ut? Ta kontakt med meg!

Som masterstudent ved Norges Musikkhøgskole skulle vi skrive ein masteroppgåve med tema om noko vi interesserte oss for. Nå er mi masteroppgåve publisert på nettstaden til NMH, så sjekk denne gjerne ut:
https://hdl.handle.net/11250/3030348
Les også andre masteroppgåver frå NMH, viss du er interessert i å vete meir om bruk av musikkterapi i ulike område (søk etter emne):
Kari Irene Olstad / Musikkterapeut
Heidal, Sel kommune
Kan reise til Vågåmo, Vågå kommune
Instagram: gudbrandsdalmusikkterapi
Mastergrad i Musikkterapi frå Norges Musikkhøgskole
Bachelor i Musikk og Helsa frå Ansgar Høgkole
Om Meg:
Mitt namn er Kari Irene, er 25 år og har budd i Gudbrandsdalen heile livet utanom studietida. I juni 2022 uteksaminerte eg frå Norges Musikkhøgskole, Oslo, med ein mastergrad i Musikkterapi.
Heilt frå eg byrja på skulen har interessa for musikk og det å hjelpe menneske vore stor. Med bakgrunn i eit korpsmiljø der alle fekk vera med uansett kven dei var og uansett nivå, har dette sett preg på korleis eg tenkjer i dag. I staden for å sjå etter sjukdom og problem hos menneske, ser eg etter ressursar og moglegheitar som kan brukast til å gje ein betre kvardag. Derfor vart musikkterapi ein naturleg veg for meg å gå.
Utanom ein master i musikkterapi har eg ein 3-årig bachelor i Musikk og Helsa, uteksaminert i 2020 frå AnsgarHøgskole, Kristiansand. I løpet av studietida bygde eg opp ei kompetanse innanfor relasjon og kommunikasjon i saman med å bruke musikk og musikkterapi for og med personar med ulike behov. Dette innebar blant anna spesialpedagogikk, eldreomsorg og rus- og psykisk omsorg.
Denne kompetansa kom også til nytte som sommarvikar ved ulike institusjonar som pleiemedarbeidar og assistent. Elles har eg erfaring som trompetinstruktør i korps og privatlærar i ulike fag i grunnskulen og vidaregåande.
Ved sidan av å vera terapeut er eg ivrig musikar i det lokale kultur- og musikkmiljøet og aktiv korpsmusikant. Eg likar også gå tur i naturen, dyrehald og det å møte nye menneske både digitalt og fysisk.