Om Musikkterapi

Kva er musikkterapi

Musikkterapi har mange ulike definisjonar, men den eg forhaldar meg til er den som Norsk Forening for Musikkterapi bruker:


Musikkterapi gir muligheter for utvikling og endring gjennom et musikalsk og mellommenneskelig samarbeid mellom terapeut og klient. Prosessen er ofte ressursorientert og fokuserer på aktuelle mål innen helsefremmende arbeid, behandling, rehabilitering og omsorg.

Norsk Forening for Musikkterapi (https://www.musikkterapi.no/)

Kort forklart så brukar eg musikk i og som terapi i møte med menneske som har ulike utfordringar. Eg tek utgangspunkt i kva personen har av ressurar, får til og likar av aktivitetar for å kunne gje personen nye moglegheitar i kvardagen.

Ulike aktivitetar i musikkterapi:

Musikkterapi kan vera eit tilbod som passar for alle, då det blir lagt til rette for kvar enkelt person. Nokon treng ein stad med trygge rammar utan dømmande blikk, andre treng ein stad å få ut mykje lyd og energi. 

Grupper:

For nokon kan det vera utfodrande å vera med i større grupper og samstundes vera seg sjølv. I gruppemusikkterapi kan du møte andre som også har utfordringar og kanskje har du og dei andre noko felles. Dette blir ein arena der du og andre får moglegheit til å trene opp sosiale ferdigheitar og korleis ein skal takle det å møte andre menneske i gruppesettingar. 

Gruppe er ganske omfattande tittel, og kan innehalde ulike type grupper. Det kan vera allsong eller felles musikk- og songstund på ein institusjon, kor for personar med ulike fysiske eller psyskiske funksjonshemningar, band for ein vennegjeng eller for personar som ikkje kjenner kvarandre eller lytte- og trommesirkel for personar som har/har hatt utfordringar innanfor rus og psykisk helse. 

Ein til ein:

I ein-til-ein timar er det fokus på berre deg og kva du treng. Her er det mogleg å lytte til musikk utan å bry seg om kva andre seier og tenkjer, eller synge for full hals og spele ut energi, frustrasjon og andre kjensler på instrument som er tilgjengeleg. Her er det også mogleg å lære noko nytt, om det er korleis forhalde seg til ein anna person, eller om det er å lære ny ferdigheit som å spele eit instrument. 

Innanfor skule kan det her også vera moglegheit for avkopling frå for mykje inntrykk og lyd, og ein stad for å lære nytt stoff på litt anna måte. Eit godt døme er å lære gangetabellen ved å synge eller spele i staden for å skrive på eit ark. 


Å skrive ein song:

Som musikkterapeut har eg også ressursar til å skrive songar, både sjølv og saman med klientar. Å skrive ein song er ganske omfattande men kan gjerast på ulike måtar:

- Vi kan bruke ein kjend song og skrive om nokre ord, delar av teksta og/eller heile vers/refreng.
- Vi kan halde oss til ein kjend song, bruke melodien og skrive heilt ny tekst.
- Vi kan bruke tekst/melodi som klient har i utgangspunktet og bygge vidare.
- Vi kan skrive ein heilt ny song frå botn av saman.